Barking av seil
Publisert opprinnelig i Arctandrias Skrifter #1 (1987)
Skribent: Jon Godal
Prosessen startar året før du skal barke seglet med å samle bark. Du finn fram til ein bjørkeskog, helst med fin never og litt storleik på trea. Dei kan gjerne vera 10-30 cm. i diam. Det er nesten eit vilkår at du kan utnytte heile treet i ein. gong, at du tek vare både på never, bark og ved/virke. Fyrst rispar du av nevra så langt oppover som du når på det ståande treet. Nevra svar (løyper) best i fyrste veka av juli. Då kan du sprette henne av trea omtrent som du opnar ei avis. Ringe treet med ein kniv i 50-80 cm fråstand og lag eit loddbeint snitt mellom ringane. Smett kniven innom nevra. Tak godt tak langsetter kanten av nevra med båe hendene og riv flaket av. Nevra skal først leggjast i "ferg" (d.e. under press). Du samlar ho i "ruver" (d.e. never på never) med innsida opp så høge som du kan få dei til å stå godt (ca. 3/4 m). Legg fjøler eller eit trelok oppå og stein eller anna tyngd slik at nevra ikkje får krulle seg. Når nevra turkar på denne måten er ho grei å nytte anten det skal vera til tekking, garnreppar (fløyt) eller neverkoppar. Når nevra er av, går du laus på barken. Du går i prinsippet fram på same måten som med nevra. Men barken er stivare og sit litt betre fast. Du brukar fingrar eller handkant mellom treeet og barken omtrent som når du flår. Etterkvart får du av barken i fine rullar på 50-80 cm lengd. Nå feller du treet og rispar av nevra og flekker barken så langt oppover som du finn det lønt for kvist og grovleik. I alle høve kan du ta barken litt lenger opp enn du får til å nytte nevra. God never får du berre på den kvistfrie delen av stomnen.
Om du skal nytte veden vil det løne seg å gjera han heilt opp ferdig til emningsved eller brennved med det same. Rå bjørk er lett å arbeide med og halvtilhogne emne sprekk ikkje så lett.
Rullane eller strutane av bjørkebark set du no til tørk. Det beste er å få dei på ein luftig stad under tak. Set dei mot kvarandre, inntil ein vegg eller legg dei på ei rist. Best er rask tørk, men med så lite beinveges sol som råd på barken. Når barken er knustørr legg du han i ein striesekk. Bank på sekken med ei treklubbe til barken er knust opp i stykke på 1-2 cm. Somme har også malt han til mjøl på kvern. I denne tilstanden kan barken no verta lagra til du skal bruke han anten neste vår eller seinare. Tørt lagra held han seg godt i årevis.
Det er ein del meiningsskilnad om kva som er beste barken. Nordanfjells er det berre ei meining om det. Bjørk er best. Litterære kjelder syner at eikebark er best til garving av lær, og eika inneheld utan tvil meir garvesyre. I den tida de i meir industriell mælestav laga barkekstrakt ("barkekstra"), synte granbark seg som det beste råstoffet. No vil ein ting vera garvesyrekonsentrasjon og garvesyreframstilling. Forsøk med ulik garving syner at ein ut frå ei einsidig vurdering av garvesyrekonsentrasjon ikkje har for seg det samla biletet av kva som skjer under ei garving. St.Brendan (lærbåten som vart segla til Amerika i 1975/76) synte at eikebarken gav tilleggskvalitetar som ein førebels berre kan konstatere, ikkje forklåre. Noko liknande kan vi ha når det gjeld barking av segl. Tradisjonen er i alle fall uomtvisteleg. Bjørk er best. Or gjev også fin farge, heiter det, men annan bark vil ein ikkje høyre snakk om her på traktene.
Du startar barkinga 14 dagar før seglet skal i lauget med å leggje barken i bløyt. Det enklaste er å ha han opp i det karet du skal koke i. Har du ei 100 1 gammaldags malmgryte er
det bra. Du fyller oppi 30-40 1 med turka og knust bark. Slå på om lag like mykje sjøvatn. Legg merke til at vi nyttar sjøvatn.
Kan du ikkje få tak i ei gryte, vil eit avskori oljefat gjera same nytta. Skal du barke store kvanta (over 50 m? segl), kan det løne seg å skjera ho av nær toppen slik at du kan lage ei koke på 150-180 l. Framleis like mykje bark som vatn til bløytlegginga. Den avskorne toppen tek du vare på og nyttar som blandekar seinare.
Det er to prinsippielt forskjellige måter å barke på. Syrebarking er nytta til nye segl og nye taug. Kokebarking er derimot noko du gjer med fiskegarna og godt utsegla segl. Syrebark, ståbark eller kaldbark kallar ein det lauget ein får av bark som har stått til gjæring i 14 milde vårdager. Barken er samla om sommaren. Han er søt. Det er altså ei rein alkoholgjæring. Du ser at lauget småbrusar. Til vanleg vil 14 dagar vera nok for ei god utgjæring. . Sume vil no sette til ein kvart kg krystallsoda for å sprenge barken enno betre. Mange eldre synes imidlertid å væra ukjende med bruk av soda. Før sodaen. kom kan vi reikne med at dei brukte oske som base for å nøytralisere barkesyra.
No legg du seglet og det du skal barke ned i lauget og let det. ligge der til det er godt og vel gjennomtrekt. Ein to, tre dagar var vanlege. Då tek du det opp og henger det til tørk, gjerne i sola, men ikkje i regn. Seglet bør få tørke godt før du skal ut med det for at fargen skal sette seg. Segl som kommer rett ut i sjø og regn blaknar fortare.
Syrebarking gjev ein sterk gulaktig rustraud farge. Han er meir utprega gulraudbrun enn den du får ved kokebarking som er reinare brun.
På den hi sida gjev kokebarkinga eit laug som vernar betre mot å rote. Det vanlege var difor å syrebarke seglet dei to første åra og så kokebarke annankvart.
Om du har tenkt deg å syrebarke i år, legg du berre barken rett i barkekaret. Det er når du skal koke at du set han til gjæring i gryta.
Fremgangsmåten ved kokebarking er denne
Har du ordna deg lettvint, står kokekaret ditt no i den eisa du skal koke på, slik at det berre er å ha under ved og tenne på. Du startar dagen med å sjå til at det er rikeleg tilgjenge på ved attmed eisa. Elles har du bruk for ei jolleåre til å røre med, å 1 tretjøre (milebrent er best både til barkinga og til å smørje båten med. Grossist er Joh.Løvold i Bodø), 100 g krystallsoda, ei vanleg sinkbøtte, eit blandekar på 20-50 1, nistemat for dagen og godt tolmot. Sjølve barkekaret skal helst vera så stort at det rømer alt barklauget du kokar i tillegg til det du skal barke, altså 2-400 1. Gamle barkekar er gjerne av denne storleiken og av og til mykje større. Dei svært store er helst vortne nytta til barking av sildenøter.
Barkekaret er lagga og rundt. Høgda er om lag like stor som | diameteren eller litt mindre. Sidene er rette og det er jamvidt. Det skal ha toppe (hol med tapp i) nede ved botnen. Barkekara er som regel svært solide og utførde med stor dugleik. Personleg har eg barka i eitt som er fra 1740. Det er like godt enno. Barkekara står no oftast i ein krok lengst inni naustet og kanskje i fare for å rotne. Tak godt vare på det, om du får tak i eitt. Lagre det i naustet og ikkje inne i varmt hus. Der vil det gistne og kanskje falle i "stavar" når det tørkar for mykje. Du finn knapt nokon som kan taka på seg å lage eit barkekar av skikkelig kvalitet av nyo.
No gjer du opp varme under gryta. Legg dugeleg på så det kjem i koking. Fyll på 2-3 bøtter vatn. Lauget treng ikkje fosskoke. Berre lata det "småkry" (d.e. småkoke) i eit par timar. Du ordnar deg med litt kaldt sjøvatn før du slepper oppi ein neve soda. Det skummar og vil koke over. Slå då på kaldt vatn. Om du får problem med å halde det i gryta, auser du av ei bytte eller to. Einar Holten nytta fyrste året vi barka saman også litt leiska kalk. Han gjev inga nærare forklaring. Båe vil imidlertid nøytralisere garvesyra. Prøver syner at det ferdige lauget har ein pH på ca.6. Ein kan tenkje seg at kalk vart nytta i tidlegare tider når ein ikkje hadde soda. Bruken av soda og/eller kalk tyder på at ein er ute etter ei saltutfelling og at det er denne som gjev den relativt vassbestandige fargen som også vernar mot rote.
Sjå heile tida på fargen og konsistensen i lauget. Før kokinga var væska klår og brunaktig. Etter at du har koka ein time eller to ser du at ho går i fiolett retning, men er framleis klår. Etter at du no har hatt oppi sodaen blir ho mørkare og og ikkje lenger gjennomsiktig, meir som kaffi enn som te i konsistens. Får du ikkje til dette, kan du prøve med litt meir soda. Lauget tek nok til å få rett farge og konsistens. Du kokar likevel ein time eller to til for å vera sikker på at du får ut alt.
Aus eit par bytter opp i blandekaret. Laut du ause av litt under kokinga, blandar du dette i. Det er om å gjera å få temperaturen ned til det varmaste du kan halde handa i utan at du brenner deg (ca. 609). No tilset du ein liten kaffikopp med tjøre medan du rører rundt. Det er ein fordel om tjøra er litt vermt føreåt. Då dett ho lettare nedi. Sjå til at tjøra blandar seg godt med barklauget. Er lauget for varmt vil tjøra beke d.v.s. klump seg og berre setja flekkar i seglet. Er lauget for kaldt vil ho ikkje løyse seg.
Tak litt av den knuste borken fra koka og legg i botn på karet berre så vidt det dytter. Så slår du litt av det ferdigblanda lauget oppi. No legg du enden av seglet nedi karet, slår på litt meir laug, ny fald av seglet i karet og meir laug o.s.b. Nytt laug lyt til kjøling, blande med tjøre, ha i karet, fyll
etter med segl. Når seglet står heilt under laug bør det enno vere att litt i gryta. Tak no ut seglet og legg det ovp i blandekaret. Sjå etter i brettar og foldar at det ikkje er "helgedagar", d.e. kvite flekkar. Det vil det alltid vera. Falde seglet nedi på nytt og sjå til at du får laug på helgedagane. Om turvande tappar du av laug og slår oppi karet vå nytt.
No blandar du til siste slumpen av laug. Det gjer ikkje noko om det blir med bork. Slå det over i barkekaret. Fvli etter med tau og anna som du vil ha barka. Hampetau lyt barkast om dei skal halde seg. Manillatau gjer seg også godt av ein omaand, jamvel om dei held seg betre utan. Dersom du ikkje har til rådvelde hampetau av skikkeleg kvalitet lyt ein i dag nytte kunstfiber. Beste erstatning for hamp er spunnen polyester. Vanleq polyester (terylen) ser ut til å vera meir skikka til dei grovare dimensjonane (diam 20 mm og oppover). Du kan legge kunstfibertauga i barkloget saman med resten. Dei tek aoådt farge, men blir liksom fiolette i staden for raudbrune. Om du vil ha kunstfibertauga brune vil det vera gqreiast å gjeva dei eit lett overtrekk av tjøre. Brun antiparasitt gjev også fin farge til kunstfibertaug. Føresetnaden er sjølvsagt at du har kjøpt av den kvite kvaliteten.
Når alt du skal barke er fylt nedi (eller du ikkje kan få plass
til meir nedduppa i lauget) legg du oppå reine steinar slik at alt vil halde seg nedsøkkt. Spenn over ein presenning eller eit gammalt segl. Lat det stå til dagen etter.
Spennande. Du blir skuffa.
Seglet ser grått og stygt ut. Heng det til tørk. Snart går fargen over i fiolett retning. Det tyder bra. '"Sæglet har ti færj".
Lat seglet turke skikkeleg før du tek det ut på båten. Kjem det for fort i sjø og regn vil fargen gå av igjen. Han har ikkje sett seg skikkeleg enno. Når du så tek til å bruke det går det ein 14 dags tid før du får den endelege fargen. Han er vakkert raudbrun, kanskje med eit skjer av gult. Under lagring inne vert fargen verande fiolett.
Seglet er no godt impregnert mot röte og rust, likevel ikkje i same grad som om det var av kunstfiber eller sett inn med sterkare soppgifter. Pass difor alltid på å turke seglet før du henger det bort. Er det vått når du kjem inn, beslå det på mast, bom eller rå og heng det til turk så snart veret tillet. Godt stelt kan det vare i 20-årsvis.
Eg har brukt brun antiparasitt på bomullsegl. Det er svært effektivt mot rote, men fiberen ser ut til å verte sprø av stoffet. Seglet blir likevel ikkje så varig som det skulle.
Seglet bør barkast opp neste vår og seinare annankvar til kvar fjerde vår dersom det er i jamn bruk. Dei gamle var svært påpasselege med å stelle godt om segla. Barka, tørka og hengde dei bort på ein luftig stad. Slik har det gått til at vi kan finne 100 år gamle segl hangande rundt i nausta som enno ser ut til å vera like gode.
Denne oppskrifta på barking byggjer på tradisjonen i Stadsbygd, og er nedteikna etter demonstrasjon og forklaring av Einar Holten (£.1905) og eigne røynsler. Andre stader kan ha andre skikkar og dersom nokon har høyrt, sett eller vori med på tilsvarande vil eg gjerne få eit ord.
Store segl vart gjerne smurt. Vi kan reikne med at dei største segla det var praktisk mogleg å barke i lauget var fembøringssegl. dJekteseqla vart smurde. Det finnes imidlertid døme på segl heilt ned til seksringsstorleik som heilt tydeleg er smurde. Seglsmurninga vart tillaga slik: Du kokar ut barkelaug på same måten som skrive om framfyre. Det ser ut som ein har vori litt rausare med sodaen. Opp til ein halv kg er nevnt. I tillegg til tjøreskvetten rører du no i talg. Hestetalg (talg fra hestemåna) er best. Men også vanleg sautalg, tran og selolje har vore nytta.
Alt dette blir rørt i medan lauget er varmt (ca 50-659). Du får no ei blanding av oppløyst og emulgert tjære og talg i lauget. Både for å stabilisere dette og for å gi seglet ein fin farge tilset du no raud erde (engelsk raudt) malingspulver. Du rører i akkurat så mykje at smurningen tyknar. Ho skal vera lett å smørje. Då er ho litt tykkare enn kakao, eller ei jevna suppe. Ho skal ikkje vera så tykk som moderne maling.
På denne måten fekk dei jektsegla til å stå i praktisk talt kontinuerlig drift i 10-15 år.
Denne oppskrifta på seglsmurning bygger hovedsakleg på opplysningar fra Sigurd Jønvik, Levanger.